Jølstraholmen

Jakt og fiske Jølster

Fiske Jølster.

Jølstravatnet er kjent som eit av Noregs beste fiskevatn! Rekorden på stang har Sverre Amundsen frå då han tok ein storaure på 12,1 kg på sluk våren 1996.

Jølstra er ei av nord-Europas beste Aure elvar.

Fiskekort i Jølster, og ein kan kjøpe eit felles fiskekort på kr. 100,- for dag, 500 kr for veke og 800 kr for år. Dette fiskekortet gjeld for stangfiske, oterfiske og alle andre typar sportsfiske. (ikkje garnfiske) Korta kan kjøpast ved innsjekk på Jølstraholmen Camping.

I Jølstra kan ein fiske med stang heile året, i Jølstra startar sesongen for aure fiske på stang, 15 april og varer til 1.oktober. Oter fiske er 1.juni – 10.august.

I Jølstravatne og i Jølstra er det Aurefiske, i nedre del av Jølstra og i Naustdal er det laksefiske og i Førdefjorden er det sjøfiske, alt innanfor 20min køyring.

I Jølster sin fjellheim finn ein mykje god fjellaure.

2014-08-19 18.34.00   2014-08-19 18.34.11    2014-08-19 18.34.07

Det er også mulig å få guidet fisketurar. Ta kontakt for meir informasjon.

 

For meir informasjon ang fiskekort og Jølstra aura

 

Jølster har terreng som gir gode høve til småviltjakt i slutten av september og framover.

Jaktkort for småviltjakt kan ein kjøpe hos blant annet Jølstraholmen Camping