Jølstraholmen

Jølster skisenter

VINTERFERIE TILBUD, VEKE 8 OG 9

4 DAGERS PAKKE, 4 overnattingar og 3 dagers kort i Jølster skisenter kroner 1550 pr person (vaksen) kroner 1468 pr barn

Gjelder for 3 personar i ei 5-manns hytte i 4 dagar med 3 dagers heiskort.

 

WEEKEND TILBUD frå kroner 900 pr person (vaksen)

Gjelder overnatting 3 personar i ei 5 sengs hytte, 2 netter inkl 2 dagrs heiskort.

*****

 

Jølster Skisenter tilbyr alpine ski løyper som passar alle. Frå den heilt ferske nybegynnar til den røynde skiløpar som krev tøffe utfordringar. Samla lengde preparerte ski løyper er ca. 4000 m.
Gjestane våre kan velge mellom 4 skiheisar. Skitrekka Kvamsheisen og Bjørkeliaheisen, samt barnetrekka Uglumheisen og Bjørneheisen.

I Jølster Skisenter finn du flotte frikøyringsområder, både ovanfor tregrensa og nede i skogen.

I fjella kring Jølster Skisenter finn du mange flotte fjelltoppar og snødekte fjellsider som berre ventar på skispor.

Jølster Skisenter tilbyr også preparerte turløyper over til Gjesdalsdalen, og vi har lysløype for langrenn og 10 – 30 meters hoppbakke, samt skileikanlegg og 2 svært særprega grillstover.

Ved starten av anlegget finn du parkeringsplassar, varmestove med kafe, skiutleige og sanitæranlegg.

Jølster Skisenter ligg midt i Sogn og Fjordane, ca. 3 timar norover frå Bergen langs E 39. Næraste flyplass er 35 minutt unna.

 

Les mer og sjekk ut forholdene på Jølsterskisenter.no