Jølstraholmen

Kunst og kultur

Kunst og kultur

Nikolai Astrup – Tunet – samlinga og galleriet

Målaren, grafikaren og teiknaren Nikolai Astrup vart fødd i Kalvåg i 1880. Familien flytta til Prestegarden på Ålhus i Jølster i 1883.
I 1899 drog han til Kristiania, der han vart elev av Harriet Backer og i 1901-02 var han elev av Christian Krohg i Paris. Både Backer og Krohg såg Astrup sitt særeigne og store talent, som alt hadde teikn til mogning då han tok til i lære. I tråd med 90-åra sine nasjonalfilosofiske straumdrag og vørnad for geniet og originaliteten vart Astrup alt etter knapt tre år «utskriven» som utlærd kunstnar.

kari---motiv-fra-sunde   

Meir om Nikolai Astrup- Astruptunet og utsillinga hans finn du her

 

Ludvig Eikaas – samlinga – eikaasgalleriet

Ludvig Eikaas 1920 – 2010
Målaren, grafikaren, teiknaren og skulptøren Ludvik Eikaas vart fødd i Jølster i 1920, men flytta i ung alder til Oslo. Han er m.a. kjend som ein av dei første som laga non-figurativ kunst i Noreg. Han er og kjend for sine mange portrett og sjølvportrett. Eikaas debuterte på haustutstillinga i 1946 og har sidan den tid hatt mange utstillingar i inn og utland. I 1970 vart han professor ved Statens Kunstakademi. Eikaas er innkjøpt av bl.a. Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet, Bergen Billedgalleri, Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane (no Sogn og Fjordane Kunstmuseum), Statens Museum for Kunst i København, Brooklyn Museum of Art, USA. Han var gift med tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal (1908 – 2000).

Samlinga vart donert til Jølster kommune av Ludvig Eikaas. Den omfattar no over 800 verk i form av grafiske trykk, måleri, skulptur og trykkplater.

 Eikaasgalleriet

Etablert 1994, konsolidert med Sogn og Fjordane Kunstmuseum 2004. Det gamle meieriet på Ålhus vart kjøpt og bygd om til eit moderne kunstgalleri, etter teikningar av arkitekt Arild Waage, for å ta imot kunstsamlinga Ludvig Eikaas gav kommunen. Galleriet ligg på Ålhus langs E39, ved Jølstravatnet, med eiga badestrand og tilgjenge for rullestolbrukarar. Sal av grafikk, kort, bøker og anna. Kafé med enkel servering inne og ute.

    

Meir informasjon om Eikaasgalleriet finner du her

 

Jølstramuseet

Eivind Fossheim sn.sin drøm var å skape et museum med liv. Det skulle bo folk der.Det skulle være en plass der jølstringer fant sine røtter. Der de unge fikk et innblikk i sine forfedres levesett og hverdagslivet i bygda i gamle dager. Fossheim kjempet mot at jølstringer solgte åkler og annet gammelt arvegods ut av bygda. Det var i Jølster tinga hørte hjemme og hadde sin mening, sa han alltid.

jolstramuseet86.jpg

Meir informasjon om Jølstramuseet finner du her

 

Sundfjord museum

Sunnfjord Museum er ein avdeling av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane og regionmuseum for alle kommunane i indre Sunnfjord.Museet ligg i Movika like aust for Førde sentrum. På museet finn du ei friluftsavdeling, der hovuddelen syner korleis livet var på ein gard og ein husmannsplass i Sunnfjord kring midten av 1800-talet.Dei 30 bygningane kjem alle frå bygdene i indre Sunnfjord, og syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900. Museumsområdet er ein gammal husmannsplass og ligg vakkert til ned mot Movatnet.
bilde

 

MATKULTUR

VELKOMMEN TIL FJORDAMATTUNET

I tunet på garden til Bård Støfringsdal og Kjersti Wæhre er det laga til eit bakstehus i den gamle fjøsen. Der er det eit moderne kjøkken, stor vedfyrt bakaromn og bord til baking og felles måltid.

FjordamatTunet er bygd opp rundt Kari Støfringsdal sin unike kompetanse på tradisjonsmat og matkultur. Her har vi tilbod om kurs og matopplevingar som passar for alle, både arbeidskollegaer, organisasjonar, vener, familiar og dei som driv med lokal foredling eller servering. Maten vert laga i fellesskap, og det gode måltidet er ein viktig del opplevinga.

utdrikn_kurs   hellebakst   polselaging3

Meir informasjon om Fjordamattunet og kursa dei held, finn du her.