Jølstraholmen

AFTERSKI I PALMEHELGA – fredag

AFTERSKI I PALMEHELGA – fredag

23mar2018
23mar2018

AFTERSKI

From 17:00 until 23:30

At LØA PÅ JØLSTRAHOLMEN

AFTERSKI HEILE PALMEHELGA I LØA PÅ JØLSTRAHOLMEN, FREDAG OG LAURDAG!

I påska skal vi ha litt afterski i løa på Jølstraholmen, både fredag og laurdag. Vi opnar dørene når skibakken stenger, sola går ned bakom fjella og gradestokken kryper nedover til det ubehagelige.

Då kan ein komme inn i løa, få seg ein burger eller ei pølse, ein kopp kakao med krem, ein vaffel eller noko anna godt i glasset.  Ein kan treffe andre med rødemussne kinn og snakke om dagens opplevingar, få tips til andre løyper, toppar, turar, villsnøtips og planlegge morgondagens happening. 

Om ein vil ta med seg skia, preppe dei litt, kanskje få tips frå andre om prepping, så har vi også smørebord på plass i grindabygget som ein kan bruke fritt, smørning må du ta med sjølv.

Om ein ikkje vil prate om ski, gå eller stå på ski, men kun komme innom for å prate litt med naboen eller berre være litt sosial, er også dette fullt mulig!

MEN morgondagen er ein ny dag som byr på nye mulighetar, så for at du ikkje skal gå glipp av desse, stenger vi kranane og dørene kl.23:30, då er det på tide å komme seg heim, få av seg skiskoa/skoa, ta seg ein dusj og komme seg til sengs - litt skjønnehetssøvn treng vi alle, med eller utan ski på beina 🙂

Velkommen på afterski i løa, heile palmehelga!

Have your say