Jølstraholmen

VINNI frå PAPERBOYS, Sommarfesten i Jølster 2017!

VINNI frå PAPERBOYS, Sommarfesten i Jølster 2017!

17jun2017
18jun2017

From 20:00 until 02:00

At Plenen på Jølstraholmen

375

 

VINNI frå PAPERBOYS kjem til Sommarfesten i Jølster, laurdag 17.juni 2017

Øyvind ”Vinni” Sauvik har i ei årrekke vært frontfigur for ein av Norges største rap grupper, Paperboys. Bandet har gjennom kjempehits som ”Barcelona” og ”Lonesome Traveller” oppnådd stor suksess, og har i si tid hatt hele 18 singlar innom VG lista.

No står Vinni på eigne ben og det også på sitt eige morsmål.Det er gledelig at ein av landets beste rapper og tekstforfattar skal uttrykke seg på norsk.  Med albumet ”Oppvåkningen” klarte Vinni  å markere seg igjen på toppen av lista i Norge. Låtar som ”Mørkeredd” ”Stjernestøv” ”Sommerfuggel i Vinterland” & ”God Morgen Norge” har Vinni også dominert radiolistene. ”Sommerfuggel i vinterland” i Vinni-drakt er den raskast selgande singelen i norsk iTunes-historie, og suste rett inn på toppen av lista eit knapt døgn etter den TV-sendte opptreden.

Vinni er ikkje berre ein listetoppar, men har også turnert og spilt meir enn dei fleste andre norske artistar det siste tiåret. Han har spilt på dei aller fleste store norske scenene og festivalar, og kan med rette kalle seg ein av landets mest erfarne liveartistar.

Denne artisten har vi altså i år klart å få til Sommarfesten i Jølster og vi gledar oss til denne artisten, med så mange sider, kjem hit.

Dette blir gøy, dette vil du ikkje gå glipp av!

 

Billettar selgast på: Best Jølstraholmen og på www.tikkio.com   - https://tikkio.com/tickets/2564-sommarfesten-i-jolster-med-vinni-i-paperboys

Under dette arrangementet kan ein bruke tikkio og mcash betalingsløysing på telefonen. Last ned ein av appene, så slepp ein lange billett- og kiosk køer 🙂

Aldersgrense 18 år

Stad: Utekonsert på plenen på Jølstraholmen

Billettpris: 375 pr person

 

Have your say