Jølstraholmen

Løa – eit flott lokale til alle anledningar

LØA – eit flott lokale til alle anledningar

Tidelgare var Jølstraholmen camping ein gard med mykje dyrka mark, beite og fjøs. I dag er det blitt campingplass der potetene sto, hytter og eit senter med butikk, stasjon, kafe og frisør der vi tidlegare hesja, og i gamle fjøsen har vi laga møkkakjellaren og halve fjøsen der sauene og kyrene sto, om til eit selskapslokale. Eit lokale med gråsteinsmurar, bjelkelag i taket og djupe vinduskarmar, eit lokale med særpreg og sjarm.

I tilknytning til løa har vi bygd eit grindabygg med uteplatning og utemøblar, som er kjekt på fine dagar og litt mindre fine dagar- vinter som sommar. Her finn ein også 2 toalett.

Det er innlagt vatn og oppvaskmaskin, men det er ikkje fullt kjøkken. Vi har nokre mobile kokeplater som vi kan sette opp om ein ønsker å halde noko varmt,  ellers har vi bålpanne ute og mulighet for å leige gassgrill til å lage mat på. Vi har hatt mange bedrifter og selskap i løa,  enten bestiller vi catering eller lagar mat ute over bålpanne og grillar.

Lokale egnar seg best for grupper opp til maks 65 personar tilbords, men vi kan sjølvsagt også ta større grupper dersom ein kun ønsker kino oppsett.

 

Vi kan tilby prisar på:

dagsmøter med møtemat og lunsj

2 dagers møte med overnatting, frukost, lunsj, middag og aktivitetar

Bryllupsfest, førsbryllupsfest,

konfirmasjonar og barnedåp

Oppdekka til JULEBORD  frå kroner 450 pr person (minimum 15 personar) inkl 3 rettars julemiddag og betjent bar heile kvelden evt bestilling av vinpakke/ølpakke.

 

Dersom ein kun ønsker å leige lokale til eit privat arrangement tek vi;

Kroner 3500 for leige av lokale,inkl oppdekking, dukar, dekketøy og vask av bord og gulv, for dagsarrangement

Kroner 5500 inkl oppdekking, dukar, dekketøy og vask av bord og gulv, for kveldsarrangement

 

Ønsker dykk at vi skal ta alt av rydding og oppvask i tillegg tek vi det på timen, kroner 250 pr time.

 

Bestiller ein alt gjennom oss vil prisane på lokale mm bli annleis – ta kontakt for å få eit tilbud på ditt neste arrangement.

Vil ein gjerne ha ein aktivitet i forbindelse med eit arrangement kan vi også ordne dette, vi har mykje kjekt å by på, på denne fronten,  i Jølster 🙂

 

Bryllup i løa

    

Jazzkonsert

Toppturboka i Sunnfjord – foredrag skifilmvisning

Ølsmaking

 

 

 

Comments are closed.