Høstferie

HAUSTEN ER HER, ENDELIG!

Alt frå naturen si side blir forsterka på hausten, fargane fleire og sterkare, lufta friskare og klarare og ja hausten er ei vakker tid.Når ein reiser på ein ny plass eller på tur uansett, treng ein ofte litt tid på seg til å finne roen og senke skuldrane, før ein kan starte å nyte og utforske. Derfor har vi på Jølstraholmen satt opp eit vekestilbud frå fredag til fredag, for såpass treng ein for litt skikkelig avkobling. I tillegg har vi lagt til rette for at du som gjest hos oss skal kunne få det meste ut av ditt opphald i området, om det er aktiv ferie i fjellheimen ein ønsker, på vatne, utforske kulturlivet frå sykkelsete eller med bil rundt i området.

FØRST OG FREMST EIT UTGANGSPUNKT

Ei hytte og ein pris som inkluderar gratis parkering, wifi og utvask ved avreise for haustferie vekene, veke 41 og 42. En kan velge mellom pakkane under til fantastiske prisar.

Hytte med 1 soverom og 4 sengeplassar

Fredag til fredag

Komplett for ei hytte heile veka, maks 4 personar.

NOK 4900,-

Delux hytte med 2 soverom + hems, 6 sengeplassar

Fredag til Fredag

Komplett for heile hytta inkludert eiga bålpanne, maks 6 personar.

NOK 8000,-

Delux hytte med 2 soverom + hems, 6 sengeplassar

Torsdag til Søndag

Komplett for heile hytta inkuldert bålpanne, maks 6 personar.

NOK 3900,-

TILLEGGSPRODUKTER

I haustferien har vi følgende tilleggsprodukter til rabaterte prisar. Ta kontakt med oss for å booke disse sammen med overnatting

Syklar 1 dag for heile familien

KR 550

Båt med motor en dag

KR 350

Ein dag med kano for 2 personar

KR 350

1 dag med SUP på Jølstravatnet

KR 500

EI LISTE MED MULIGHETAR

Ei liste med forskjellige type aktivitetar i området rundt oss, så kan du sjølv sette saman di eiga veke. Deretter kan du spørre oss om råd i forhold til logistikk, passande turar for deg og di gruppe, bookingar, reservasjonar eller andre ting, så skal vi være behjelpelige så langt vi kan og planlegge veka di saman med deg, om ønskelig.

Utsikten, Gaularfjellet

MED BIL I SUNNFJORD

  1. Nasjonal Turistveg over Gaularfjellet med stopp på Ustikten og ved Likholefossen. Her er også ei fin vandrerute om ein vil kombinere litt bil og vandring
  2. Astruptunet på sørsida av Jølstravatne, 10km frå Jølsrtaholmen Camping og Eikaas galleriet på nordsida av Jølstravatne på Ålhus.
  3. Fjærland bremuseum og Bøyabreen, 45 min køyring frå Jølstraholmen
  4. Loen Skylift i Loen, ein god time køyring frå Jølstraholmen. Her bør ein på turen stoppe innom Bakar Jon på Byrkjelo, som sel mykje lokale varer og godt bakverk
  5. Huldefossen og med ein fin sti frå Sunnfjord Museum i Movika er dette også ein tur ein kan kombinere bil og vandring. Deretter tek ein turen opp på Jølstramuseet på Vassenden for å ete lokal og fersk fiska jølstra aure. Ei perle av ein restaurant og museum/kunstutstilling.
  6. Køyre kystvegen til Florø gjennom Redale og med stopp på Håjen Kafe og luftkampmuseet. God heimelaga mat og mykje lokale varer, også ei perle av ein plass. Her kan ein også fint kombinere litt fiske i Førdefjorden med turen ut til Florø.
  7. Tur til Sandane og Trivselsskogen, kombinere biltur og vandring og ein matbit på Gloppen hotell

Kano, Jølstravatnet

DET VÅTE ELEMENT

Kanotur med fiske på Jølstravatne

SUP brett på Jølstravatne eller i majestetiske Kjøsnesfjorden

SUP brett ved Huldefossen

Båt m/motor for fisketur på Jølstravatne

FISKE i Jølstravatne eller i Jølstra elva

FJELLHEIMEN

Med hundrevis av toppar har Sunnfjord noko å by på for alle. Frå bratte fjell og toppar med fantastisk utsikt til lette støylsturar med idylliske små vaten og elvar. Vi har forsøkt å samle nokre av våre anbefalingar i forskjellige bolkar under. Vi er også mer en behjelpelig å finne den perfekte turen for deg og din famile.

På veg til Orkja

Anbefalte turar

Lundeskaret – Norges brattaste DNT merka sti

Orkja – Fin tur, litt bratt start men ikkje så lang tur. Veldig fin utsikt

Kleiva – Fin tur men fin utsikt mot Jølstravatne og Kjøsnesfjorden.

Jølstraegga – kan velge den korte eller den lange turen, fin utsikt heile vegen mot Jølstravatne og Kjøsnesfjorden

Tindefjellet – populær topptur på vinteren og fin tur på sommaren med fin utsikt på toppen, ikkje veldig bratt

Hamnanova – ganske bratt, men kort tur

Bolsetnipa – litt bratt 1,5times tur opp

Pissaren – artig greie i Kjøsnesfjorden 😊

Bjørsetstøylen, litt bratt start, men ikkje så lang tur og veldig fin utsikt

Flugestøylen – 2km i flatt terreng inn til ein støyl

Gjesdalsstøylen – kort enkel tur i flatt terreng, kan også gå videre inn til Gjesdalsvatne om ein vil ha ein litt lengre tur eller rundt dalen inn i skaret og ned igjen på Sandal sida ved Nonsnipa. Men då treng ein skyss tilbake til bilen.

Hjellbrekkestøylen – ikkje veldig bratt og ikkje veldig lang, fin tur for familie. Kan forlenge med å gå inn til Flugestøylen, men hugs bilen og kvar den er parkert.

Kvamsfjellet – ikkje så veldig lang men litt bratt heile vegen opp.

Nonsnipa

Skjorta

…..og maaaange fleire 😊

Husnova, Foto: Nina Knutson

FJELLTRIMPOSTANE I EI VEKE!

Kvart år merkar fjelltrimgruppa i Jølster 10 nye turar i fjellheimen vår, dette blir det laga eigne kart til kvart år. Dette kartet kan ein kjøpe for kr. 75 kroner i resepsjonen og deretter har ein full oversikt for turar heile veka. Fine turar som passar for alle, gode beskrivelsar i turhefte og godt merka ute i terrenget. Kan anbefales!

Dagsturhytta Foto: @skolebibliotekarragnhild

DAGSTURHYTTE VEKE 

Boka om dagsturhyttene får ein med oss og ein kan sjølv finne ut kva ruter og hytter ein vil besøke i løpet av veka.  Våre forslag:

Skei i Jølster

Naustdal

Eikefjorden

Bremanger

Balestrand

Florø

Så tenker vi du er godt fornøgd med veka, både i sinn og i beina 😊

Interaktivleikeapparat på Jølstraholmen

ANDRE AKTIVITETAR

Sykkeltur til Astruptunet

Golf på Sunnfjord golfklubb, enten ei runde eller kun slå litt på driving rangen evt inne på simulator

Teste ut SUP og kajakk i badekulpen på Jølstraholmen, om ein ikkje har prøvd seg på slikt før.

Teste ut dei interaktive leikeapparata og være med på NM i SUTU på Jølstraholmen

Paintball for grupper

Go Kart i Kråkenesmarka

Klatring på Astrupegga med Bre og Fjell.

Middag på Jølstramuseet

Eikaasgalleriet og Øvrebø smykkeverkstad på Ålhus

Gelmuyden keramikkverksted og utsal på Skei

Håjen kafe og luftkampmuseet i Naustdal