JENTEHELG I JØLSTER, 27-29 september

 

Pris: 3990 kr inkl overnatting, mat, foredrag/workshop, guiding og aktiviteter. OBS: begrensa antal plassar!

 

Sammen med @SOLFURE, @Linda Marie Stuhaug , Sandra i Fjeldfolk og Helle Frogner

27-29 september, Inviterer Jølstraholmen til ei helg spekka med gode opplevingar! Du får lære hemmelighetane til Linda Stuhaug når ho enkelt tryllar fram god og sunn turmat, du får vere med Solfure og Sandra på fjelltur, SUP og uteyoga, og du får ikkje minst nyte vèr, himmel, elv, natur, god mat og bålkos her på Jølstraholmen!

 
LITEN BONUS , sånn heilt på tampen

Denne helga skal vi også ha med oss ein fotograf, flinkaste Helle Frogner!

Under jentehelgen i Jølster vil ho fotografere alle som vil på toppen av Lundeskaret i ekte Solfure stil. Ta med deg ein kjole som flagrar, bunad, badedrakt eller berre eit stykke stoff, så skal vi lage noko magisk saman!

 

PROGRAM

Fredag:

1800: Innlosjering i Deluxehytter: inkl sengetøy og håndduk (4-5 stk i kvar hytte, send mail om de er fleire i lag som vil dele hytte)

1900: Workshop med Linda Stuhaug, tema: sunn og god turmat, vi skal også lage maten vi skal ha med på tur.

2100: Kvelds, bålbrenning og info om morgondagens tur

2230: Pakking av sekk, god natt

 

Laurdag:

0745: frukost

0830: Avreise i eigne biler (vi samler opp)

0900: Lundeskaret «Kiss the Glacier». Guider: Ingeborg Sol Fure (@solfure) Sandra Hatlestad Hove (@Fjeldfolk)

2000: Grilling, bål og kos. Quiz med fete premier 🙂

 

Søndag:

0830: Frukost

0930: Utflukt: Yoga og SUP i fantastiske omgivelser!

1400 Felles lunsj og takk for denne gang

 

Om turen til Lundeskaret:

I gamle dagar gjekk folk frå Lunde til Fjærland via Lundeskaret på fest, og for å frakte varer og gods frå ei bygd til ei anna. Dette tronge og naturville skaret inst i Kjøsnesfjorden er kanskje det næraste du kjem ein ekte fjellklassikar i Jølster. Stien framstår som svært godt tilrettelagt, nepalske sherpaer har rydda den, laga trapper, samt sikra den med wire til å halde seg i. Turen frå start til toppen av skaret tek ca 1,5 t i roleg tempo. Vi vandrar så innover til vakre brear og fjellvatn i Jostedalen Nationalpark. Her kan ein ta seg eit bad, eller fortsette nokre hundre høgdemeter til fram på kanten av Morene med utsikt ned i Kjøsnesfjorden. Lundeskaret er Noregs brattaste DNT merka sti, så ein bør vere i normalt grei form og ikkje slite veldig med vonde kne. Det er ingen klyving eller klatring på turen, og heller ingen luftige parti om ein skulle ha høgdeskrekk.

Tur i fjellet kan by på allslags vèr, vi kjem attende med vèrmelding når det nærmar seg. Det er likevel lurt å ta høgde for både regndropar og sol.

 

Pakkeliste:

Dagstursekk med hoftefeste

Drikkeflaske

Goretexsko

Ullsokker

Vind og vanntett jakke og bukse

Ullundertøy x 2

Tynn dunjakke til å ha under skalljakke

Hansker, lue, buff

Badetøy

Tights, shorts, turbukse og t-shirt

Solkrem og solbriller

Kamerautstyr

Nødladder

Kjole om man ønsker.

Linda Marie Stuhaug

Linda Marie Stuhaug

Mat ansvarlig

Mitt navn er Linda Stuhaug, eg har en bachelor i Samfunnsernæring, er kokebokforfattar og har ein av Norges mest leste matblogger(e?). Det vil sei at eg er ein Influencer der fokuset mitt er å dele sunne oppskrifter, matglede, tips og triks for ein sunnare livsstil. Min største lidenskap er nettopp dette med kosthold, ernæring, mat og ikkje minst ein aktiv kvardag – og eg bruker mi stemme og mine sosiale kanaler på å dele denne lidenskapen med fleire. 

 

På jentehelga i Jølster skal eg ha ein workshop der vi skal lage sunn & god turmat som vi skal ha med på fjelltur lørdagen. I tillegg får du servert Linda Stuhaug´s oppskrifter til alle måltider heile helga. Eg gler meg skikkelig til dette, og håper du har lyst å vere med på ei helg spekka med gode opplevingar saman med meg, Ingeborg, Sandra og Jølster Camping! 

Ingeborg Sol Fure

Ingeborg Sol Fure

Reiseleder

Ingeborg Sol Fure sitt hjarte bankar for naturen i heimfylket Sogn og Fjordane. Ho sorterer tankar og finn inspirasjon, kreativitet og energi når ho er ute på tur. Dette gjenspegler seg i Instagramkontoen «Solfure» der ho  formidlar poesi og finurlege tekstar som er sett saman med vakre bilete av Sol Fure, gjerne iført kjole på toppen av stupbratte fjell.

i 2018 gav ho på eigahand ut poesiboka «100 dagar utan deg» og donerte bort heile overskotet på over 400 000 kr til den humanitære hjelpeorganisasjonen Dråpen i Havet.

Sol Fure ønsker å inspirere andre til å gje av seg sjølv, til å opne opp og invitere andre inn, og til å begrave både fordommar og jantelov.

Sandra C Hatlestad Hove

Sandra C Hatlestad Hove

Teknisk ansvarlig

Sandra Hatlestad Hove er ein lidenskapeleg friluftsentusiast med base i fagre Sunnfjord. Sman med mann og to døtre driv dei firmaet Fjeldfolk. Fjeldfolk ønsker å skape turglede, livsglede og evige minner gjennom meistring og gode opplevingar i naturen.

Helle Frogner

Helle Frogner

Fotografen

Helle er ei utflytta byjente som valgte bort asfalt, støv og støy til fordel for fjell, hav og bølger i vakre Sogn og Fjordane. No bur ho i Ervik saman med mann og fire barn i et hus dei har bygd sjølve. Med utsikt over atlanterhavet nyter dei livet tett på naturen, med alt frå snowboard, fjellturar, yoga, dans og surf.

 

Foto er den store lidenskapen og instagram kontoen hennar viser både kvardagshistorier og kreative prosjekt. Ho har hatt fleire kunstutstillingar i både inn og utland. I tillegg fotograferer ho alt frå artistar, livsstil og mote til bryllaup. Draumen er eit enkelt liv med kvalitetstid til eventyr utandørs og skaparglede.

Sjå Sol Fure teste ut ruta til Lundeskaret

Andre aktivitetar