JENTEHELG! Toppturpakke med teknikktrening, 7-9 februar

 

Pris: 4500 kr inkl overnatting, mat, innstruktør, guide, heiskort mm OBS: begrensa antal plassar!

 

Sammen med Kari Hole og  @SOLFURE

7-9 februar, Jentehelg! Toppturpakke med teknikktrening, søketrening/fjellvett og avslutning med topptur i Jølster

Kjenner du på at det kriblar i tursjela, men at du kanskje ikkje føler deg heilt sikker på dine eigne ferdighetar til å ferdast både opp og ned i fjellet? Då er dette helgen for deg! Kari og Ingeborg arrangerer saman med Jølstraholmen, ei toppturhelg i Jølster. Toppturpakken passar for deg som har erfaring med skikøyring, men ønsker å bli flinkare til å stå på ski nedover, bli meir effektiv oppover og lære meir om ferdsel i vinterfjellet. Fokus vil være på skiteknikk, bruk av toppturutstyr, turplanlegging, bruk av skredsøkar og litt skredkunnskap. Dette blir ei rein jentehelg, med mykje hygge, samhold og ski! Kurset retter seg mot jenter/kvinner som har litt erfaring med topptur, men som kunne tenkt seg litt bedre oppleving og teknikk på turen ned frå fjellet eller dei som har stått ein del på alpin men ikkje har så mykje erfaring med toppturar.

 

PROGRAM

Fredag:

kl 1500-1900 Innlosjering i Deluxehytter: inkl sengetøy og håndduk (4-5 stk i kvar hytte, send mail om de er fleire i lag som vil dele hytte)

kl 1900 Oppmøte i løa, inntroduksjon av guider, opplegg for helga og deltakarane.

kl 2000 Kvelds, bålbrenning, gjennomgang utstyr/skredsøkar.

kl 2230 God natt

Laurdag:

kl 0800 Frukost

kl 0945 Avreise til Jølster skisenter, teknikktrening i bakken og området rundt, med Kari Hole.

kl 1230 Felles lunsj i bakken.

kl 1300 Fortsetter med teknikktrenging.

kl 1630 Skibakken stenger

kl 1900 Felles middag i løa på Jølstrahomen. Quiz med fete premier, skifilmvisning frå Jølster og hygge.

 

Søndag:

kl 0800 Frukost. Dette er siste dagen, så da er det viktig å pakke sammen alle tingene.

kl 0945  Avreise, topptur i Jølster. Kvar turen går, blir bestemt dagen i forveien avhengig av vær, føre og forhold. Denne dagen vil en lære meir om ferdsel i fjellet, og ta trygge val basert på kunnskap. Etter endt økt denne dagen er det muligheter for å dusje og skifte på Jølstraholmen før heimreise.

kl 1600 Heimreise

 

Generell infomasjon

Prisen inkluderar 2 overnattingar med oppredde senger og handkle i delux hytter på Jølstraholmen, 4 i kvar hytte.

Alle måltid, frukost, lunsj og middag

Eigen instruktør på teknikktrening lørdagen

Heiskort i Jølster skisenter

Guidar på toppturen på søndagen

informasjon og instruksjon om bruk av skredsøkar og utstyr

skifilmvisning frå Jølster på lørdags kveld

Gode pakketilbud frå Din Sport på utstyr

 

Pakkeliste:

Utstyr
Randonee utstyr (ski, sko, feller, stavar).
Hjelm og briller
Dersom du har skredutstyr, ta med dette. (Skredsøker, spade og søkestang).
Det vil være mulighet for å leige noko utstyr.
Sekk som passer til ein dagstur i fjellet, drikkeflaske, termos,  sitteunderlag

Ullundertøy x 3, lue, vottar/hanskar, hals, ullsokkar som er ok i skisko, alpintsokker

vindtett jakke, skibukse, varm dunjakke

Pris: 4500,-

Forkunnskaper: Kurset passar spesielt for dei som har stått litt på ski tidlegare, men som ønsker å bedre svingteknikk i brattare terreng, og for dei som ønsker å bedre ferdighet og kunnskap for å kunne gå trygge og kjekke turar i vinterfjellet.

 

For meir informasjon eller andre spørsmål ta kontakt med kristine@jolstraholmen.no eller på telefon: 95297879

Kari Hole

Kari Hole

Ski proffen

Kari er tidligere aktiv alpinist, og vil gjennom denne helgen først og fremst hjelpe deg med å bedre dine ferdigheter nedover bakken. I tillegg til å ha vært aktiv alpinist har Kari mye erfaring med toppturer, hun bruker mye av sin tid ute i naturen og elsker å være på fjellet, særlig på vinteren. Kari ønsker at denne helgen skal oppmuntre jenter til å komme seg på fjellet om vinteren. Helgen skal fokusere på å ta trygge valg, turplanlegging og kose seg med gøy nedkjøring!

Ingeborg Sol Fure

Ingeborg Sol Fure

Reiseleder

Ingeborg Sol Fure sitt hjarte bankar for naturen i heimfylket Sogn og Fjordane. Ho sorterer tankar og finn inspirasjon, kreativitet og energi når ho er ute på tur. Dette gjenspegler seg i Instagramkontoen «Solfure» der ho  formidlar poesi og finurlege tekstar som er sett saman med vakre bilete av Sol Fure, gjerne iført kjole på toppen av stupbratte fjell.

i 2018 gav ho på eigahand ut poesiboka «100 dagar utan deg» og donerte bort heile overskotet på over 400 000 kr til den humanitære hjelpeorganisasjonen Dråpen i Havet.

Sol Fure ønsker å inspirere andre til å gje av seg sjølv, til å opne opp og invitere andre inn, og til å begrave både fordommar og jantelov.

Skiteknikk kurs i 2018

Sunnfjordruta 2018

Andre aktivitetar