Til alle som hadde tenkt seg til alpane i vinter..

..vi har no satt opp ei ekstra Sunnfjordrute, i Jølstra alpane 🙂

Når?

Eventyret starter 25 mars og avsluttast 28 mars. Det vil si 3 lange og herlige dagar i fjella i Jølster, bygda under breen.

Pris?

KR 8900,- pr person, alt inkludert. Overnatting med oppredde senger, handkle, frukost, niste og middag alle dagar, frakt av bagasje mellom distansane og eigen guide som er med på heile turen.

Praktisk om turen

 Då turen innebærer fleire lange dagar på rad i fjellet, er det nødvendig med god fysisk form og erfaring på ski. Videre er det verdt å nevne at vær, vind, og skredfare kan medføre endringar i ruta. Dette vurderes fortløpende av erfarne guidar, som også tar del på turen frå start til slutt. I løpet av turen tilbringer vi mesteparten av tida med ski på beina, men det vil også bli noko gåing med skia festa på sekken.

Ankomstdag – Jølstraholmen Camping

Den første dagen bruker vi til å bli litt kjent, ete middag sammen, planlegge turen, pakke og gjere klar sekkar og utstyr. Alt ekstra pikkpakk som ikkje skal med på turen legges igjen her. Vi tek ein prat om turen, ser litt på kartet og slapper av før vi kryper til sengs.

Dag 1, etappe Dvergsdalen- Salsegga – Sægrov – Kjøsnesfjorden

Ca. 9 km på ski med 800 hm stigning.
Turen startar i Dvergsdalen og går over Salsegga og vidare ned på ski til Kjøsnesfjorden. Utsikta på toppen er eineståande, med høge fjell og djupe fjordar over alt du vender blikket. Vi har også tid til en litt lengre lunsj om været tillater det.

Dag 2, etappe Skei – Soraksla – Bjørga – Befringsdalen – Stardalen

Ca. 22 km på ski med 1300 hm stigning.
Første etappe er inn til Skei, enten med bil eller båt. Fra Skei går vi opp en grusveg til snøgrensa, der startar oppstigninga til Storaksla. Dette er ein lang dag der ein held tempoet oppe. Samtidig er terrenget spennande med mykje variasjon, og ikkje minst ei utruleg utsikt oppe på Tortnegrøegga, med utsikt til både Jostedalsbreen, Myklebustbreen og Grovabreen.

Dag 3, etappe Stardalen – Veiteberg – Snønipa – Haugadalen – Stardalen

Ca. 22 km på ski med 1500 hm stigning.
Dagens mål er Sunnfjords juvel og høgaste topp, Snønipa. Turen er lang og går delvis over bre. Her treng ein sele og tau på delar av turen. Vel nede igjen får ein transport tilbake til Jølstraholmen, deretter heimreise.

DIVERSE

Om ein ikkje er heilt klar for å sette seg i bilen for å køyre heim igjen, kan ein forlenge opphaldet med ei ekstra natt på Jølstraholmen for kr 400 ekstra pr person.
Kjøp av plass er bindande.
Er de ei gruppe på 5 personar eller meir som kunne tenke dykk denne turen, men kanskje på ein anna dato, ta kontakt med oss så kan vi sjå om vi ikkje klarer å skreddersy eit opplegg 🙂
For andre spørsmål ta kontakt med:
kristine@jolstraholmen.no
tlf 95 29 78 79