Kristine Hjelmbrekke

Sjefen på papiret

Kristine er tredje generasjon på Jølstraholmen, ho har som lita fått inn campingdrift med morsmelka da Eli flaug mellom gjester, tette doar og eit svolten barn.

Kristine flytta seinare frå Jølster, først ein tur via Karibien, så innom Bergen, til Spania og endte opp i Bergen igjen. Ho har teke fagbrev i resepsjon og gått kjøpmannskulen på BI. Jobba som salgsjef i Norgesmøllene SHH og seinare i samme stilling hos Lantmannen og ein liten svipptur innom Søtt&Salt, før ho vendte nasetippen heimover til Jølster igjen etter 12 år på farten

Saman med Tore kjøpte ho Jølstraholmen Camping i 2013 med stor entusiasme, mange planar og ei klar formeining om kva Jølster, reiselivet på Vestlandet, Noreg og heile verda trengte

På fritida likar ho å traske på fjellet sommar som vinter, lytte til musikk litt for lenge og litt for høgt til tider, reise, ete god mat og tilbringe tid med familie og vener.

 

E-post: kristine@jolstraholmen.no

Tlf: 412 73 834

 

Tore Karlsen

Sjefen i praksis

Tore er ein allsidig mann. Han er født og oppvaksen i Kaupanger og har sidan han var veldig liten vore ein svært nysgjerrig og aktiv gut. Utmerka seg tidleg på både sykkelsete og i alpinsporet, men etter ei ulykke på ski som satte han ut av leike, vart det ikkje slik at Tore vart den neste Kjus.

Tore har utdanna seg som ingeniør gjennom forsvaret, jobba på fregatt ein del år før han gjekk i land og starta i telebransjen. Der jobba han fleire år både i Trondheim og i Bergen før Kristine klarte å lure han med seg til Jølster. Lite visste han om kva som venta..

Men Tore er sta som eit esel og eit konkurranse menneske utan sidestykke, så drive camping bestemte han seg tidleg for at han skulle få til, og jammen har han klart det også. Tore fungerar i dag som IT avdelinga, vaktmesteren, snekkaren, mekanikeren, ansvarlig for web og han som tek gjestene med på fisketur om dei vil oppleve det å få fisk og no også med sin nye fotohobby er han blitt fotografen til Jølstraholmen. Med andre ord, Tore er ein klok og allsidig mann som Jølstraholmen ikkje kunne klart seg utan!

Elendig på planlegging men tek det igjen med å være vanvittig allsidig og meget god på gjennomføring.

På fritida elskar han aktivitet, ski, fjelltur, trening, familie, reise og foto!

E-post: tore@jolstraholmen.no

Tlf: 994 42 546

Kontakt oss her, send e-post eller ring oss

8 + 11 =