Eksklusivt i historisk løe
Master Grinda Suite
Master Grindasuite – ei reise i ro, historie og sansar
I den gamle grindløa frå 1800-talet, der høyet ein gong låg, finn du no ei eksklusiv suite med stor personlegdom og høg komfort. Med ca. 50 m² fordelt over to etasjar får du rikeleg med plass, gjennomtenkt design og ei atmosfære du kjenner i kroppen.
Det romslige badet har både dusj og frittståande badekar, medan opphaldsrommet gir utsyn mot både fjella og den ville Jølstra som slyngar seg forbi i landskapet utanfor. I andreetasjen ventar ei dobbeltseng med takvindauge over – her kan du leggje deg på nettingen og sjå stjernene danse over tretoppane når natta senkar seg.
Frokost er inkludert – servert i restauranten eller levert på døra til avtalt tid. Dette er ikkje berre ei seng – det er ein del av di reise.













