Fjellklatring i Nikolai Astrups rike er en oppleving du seint vil glemme.
Kanskje var det slik at kunstnaren Nikolai Astrup allereie i 1906 såg potensiale for ei klatrerute i sitt kjende måleri, Kollen? Litt fengslande er i alle fall denne tanken når ein klatrar opp ruta som har fått namnet Astrupsegga.
Jølster tilbyr klatring i vill og urørt natur. Er været dårlig ligger Førde klatresenter bare en 20 minutters biltur unna. Jølster treningsenter som ligg i gangavstand frå Jølstraholmen tilbyr også buldring i ein vegg dei har på senteret.
Vannsklia er ein del av arvestoffet på campingplassen. I over førti år har frydefulle hyl frå vannsklia blanda seg med fuglekvitteret frå elvebreidda og spelt ein herleg symfoni for gjestene våre. Fart og moro går visst aldri av moten. Kvar sommar spring leikne foreldre, små og større ungar hulter i bulter opp trappene for ein ny tur, og ein til i den populære sklia.
Trikset for å få størst fart kan vi straks røpe: Med badebuksa inn i rumpa og skulderblada pressa ned mot sklia kjem du opp i ein imponerande høg hastighet i denne artige sklia. Ho er open heile sommaren og det er fri tilgang for alle som bur på Jølstraholmen.