Fotturar

Fylgjer du vatnet, finn du vegen

Tolv grender lagar ei lenkje av levande landskap kring Jølstravatnet. Derifrå finst vegar gjennom skogen, stiar gjennom lyngen, klopper over elvane. Forbi støylane smalnar stiane til reker. Nokon har gått her før deg. Kanskje sauer? Kanskje hjort? Mot høgfjellet finst raude merker i steinurene. Skogskarar og fjellvande sette merke i stein for deg. Så finn du fram gjennom ura mot varden og utsynet: Breen i aust, havet i vest.

Jølstravatnet strekkjer seg som ei blå kjelde gjennom bygda. Om du går, syklar eller padlar langs strendene ser du korleis dei eldste husa vender gavlen mot deg, som om dei helsar deg velkommen.

Vi bygde dei slik. Vi vart vande med det vakre. Vi vart verande.

Slik jorda krinsar kring sola og seg sjølv, endrar landskapet seg med årstidene og med lyset.

Sjølv om alt er det same, er det nytt. Kvar morgon. Kvar kveld.

Fylgjer du vatnet, finn du vegen. Til dals, til fjells, til topps.

Vi viser deg gjerne. Kart og løyper, tips til turar. Vår stad er din stad. Di tid er no.

Anbefalte turar

1034m Kvamsfjellet

3,8 KM*

Explore

1083m Tindefjellet

6,5 KM*