Prisgunstige oppgraderte hytter
Langs elva Jølstra
Standard elvasus 2.0
Våre oppgraderte Ål-hytter ligg langs elva Jølstra. Her kan du sitje i hytteveggen og nyte utsikta over elva i fred og ro, vendt vekk frå motorstøy og trafikk. Alle hyttene har utemøblar, fult kjøkken, varme i golvet, stove med flatskjerm og sofa. Hyttene har eitt soverom med tre sengeplassar og flislagt bad.
*Vi har 3 ulike Standard Elvasus 2.0 hytter. Alle har noenlunde dei same kvalitetane, men noko variasjon kan det være. Vi kan ikkje ta bestillingar på spesifikk hytte.










