Bærekraft og Green KEY

Med tradisjon for berekraft

Ei utvikling som imøtekjem dagens behov, utan å øydelegge mulegheitene for at komande generasjonar skal få dekka sine behov. Slik forklarer FN kva det vil seie å ta ansvar for ei berekraftig utvikling. Dei vakre kulturlandskapa rundt Jølstravatnet viser korleis bøndene har levd opp til dette ansvaret i generasjonar. Med odelsretten følgjer plikta om å levere garden vidare til neste generasjon i betre stand enn då du fekk den.
 
Vi på Jølstraholmen kjenner det på same måten. Vår tid er vår vakt.

Spora etter levemåtane i det gamle jordbruks- samfunnet finst framleis i kulturlandskapa rundt vatnet og langs elva. Åkrane kring tuna var mange og små, men dalane og viddene i fjellet var endelause. Vi kunne dyrke korn og halde husdyr. Alt vi trong, fanst i landet under breen.


Slåttemyr, slåttekvier, slåtteeng. Beitebakkar, beitemark og hagemark. Styva selje, styva rogn og furuland. Bjørkehagar, einehagar, hasselhagar, gråorhagar. Utløer, gardflorar og støylar med sel og fjøsar.


Fylgjer du vatnet, finn du spor etter folk slik dei levde i tidene før oss. Kulturlandskapa er forteljingar om berekraft. Vi kjenner dei att i FN sine berekraftsmål om å utrydde svolt og å utrydde fattigdom, om å leve i fred med god helse. I vår tid står vi på skuldrane av livsverk som i generasjonar har gjort vilkåra betre for oss.


På vår vakt ventar andre utfordringar.

Sekund for sekund. Sandkorn for sandkorn. I evig rørsle frå bre til fjord syng elva om det store i det små. Å løyse klimakrisa er ei overveldande utfordring. Men FN bryt marsjordren ned i målsettingar som blir blanke steinar å stige på. Sekund for sekund, dag for dag set vi den eine foten framfor den andre i arbeidet for berekraftig utvikling gjennom å oppfylle FN sine definerte berekraftsmål:

God helse og livskvalitet, likestilling, anstendig arbeid og økonomisk vekst. Våre tilsette skal oppleve at vi forpliktar oss til desse målsettingane på deira vegne.


Reint vatn og rein energi er som ryggmargs-refleksar på Jølstraholmen. Vår eige vasskraft-verk er rigga for gjenbruk av varme og vatn i sanitæranlegget. Vi innfører fjernstyrt varme i hyttene, etterisolerer og oppgraderer for å redusere energiforbruket. Vi brukar ikkje kjemikaliar i vatn, naturbasseng, vannsklie eller i reinhaldsmiddel når vi vaskar. Bioklipp og naturgjødsel held holmen grøn og frodig. Som første norske Green-key-sertifiserte reiselivsbedrift er berekraftige løysingar i rettesnor for alle satsingar og prioriteringar hos oss.

Vi brenn for eit berekraftig lokalsamfunn, slik både mor og far, bestemor og bestefar gjorde før oss. Ein gammal bygningsmann i nabolaget ber eit sterkt symbol om kva dette vil seie i praksis:


Eit kvitt arr strekkjer seg over kneet til Kåre Aasen. Eit hoggjarn gjekk gjennom huda og inn til beinet då han bygde den første hytta på Jølstraholmen på seksti-talet. Øksa gløymde han att inne i veggen. Mange år seinare fekk han den att, då den vesle hytta måtte vike plass for ei større. Øksa låg der han hadde lagt henne, med initialene K.Å i skaftet. Kåre Aasen sine initialar er rissa inn i Jølstraholmen si historie, slik det kvite arret over kneet har rissa Jølstraholmen si historie inn i han. Frå å stå aleine med øks og hoggjarn utvikla han Åsen hyttebygg og seinare Jølster bygg til ei hjørnesteinsbedrift i nedre Jølster.


Jølstraholmen camping var eit utstillingsvindauge og ein viktig kunde for gründeren i nabolaget.

Jølstramuseet, Vestavin, Fjordamattunet, Sunnfjord golfklubb, Jølster skisenter, Svidal skriveri, Bre og Fjell og Jølster Adventure. Vi på Jølstraholmen held fram med å vere raskt på plass på kundelista når lokale aktørar satsar i nærmiljøet vårt. Vi er stolt sponsor for Jølster maraton, Jølster musikklag, Jølster treningssenter og Vassenden skulemusikk. Vi er opptekne av å handle hos lokale produsentar, som når Skifjorden bryggeri laga jubiluemspilsen til vårt 60-års jubileum i 2022.


Med tradisjon for berekraft tek vi vår vakt, i vår tid. Vi takkar generasjonane før oss for staden vi fekk arve. Vi takkar generasjonane etter oss for staden vi får låne. I små steg strekkjer vi oss mot å ta eit stort ansvar for ei berekraftig utvikling på Jølstraholmen.