Bilde3
1962
Bilde2
Bilde1
1963
Bilde4
1970
Bilde5
1977
Bilde6
1986
Bilde8
1988
Bilde7
Bilde10
2004
hytte21_22_23_1
2005
Bilde11
2008
Bilde12
2011
Bilde13
2012
holten1405
2013
Bilde1-2
Bilde2-2
2014
_DSC1399-HDR
2016
previous arrow
next arrow

Arven

Det heile starta i 1962 da grundarane Engel og Leiv starta opp camping på Jølstraholmen. Sjølve namnet Jølstraholmen kjem av at plassen har sitt utgangspunkt i holme som er omkransa av elva Jølstra.

I 1963 bygde dei 4 sommarhytter, sanitær og leikeplass. Desse hyttene er no historie, men ein av dei fungerer som redskapsbod.

I 1970 kom det først ei ny hytte ved elva før det i 1975 kom 5 stk 5 mannshytter ved elva med alle fasilitetar. I 1977 vart det bygd ny resepsjon og kafeteria. I 1977 tok Eli og Egil over drifta.

I 1980 vart det daglegvarebutikk i 1985, bensinstasjon i 1986 ny leikeplass, minigolfbane og i 1988 kom vannsklie.

I 1994 fekk Eli og Eli tildelt tiltaksprisen av Jølster kommune. Begrunnelsen var at dei var den mest ekspanderande bedrifta i Jølster kommune, og kunne skilte med heile 32 ansatte i heil/deltid.

2002 var byggestart for kraftverket vi har på Jølstraholmen i dag, og dette sto ferdig allereie i 2003. Kraftverket produserer grønn kortreist straum til heile campingplassen, hyttene, butikken, bensinstasjonen og dei andre husa som ligg i tilknytning til Jølstraholmen.

2004 fekk daglegvarebutikken eit stort løft med Eirik i spissen. Han har med butikken sin vunnet mange prisar opp gjennom åra for både drift og utval av varer.

I 2005 kom det tre nye hytter på holmen. Desse var dei første med fullt utstyr kjøkken og flislagte bad.

I 2008 var leikeplassen oppgradert og videre i 2011 fekk Jølstraholmen eit heilt nytt sanitærbygg som er godt likt av alle campingturistane.

I 2012 starta vi å fjerne dei første hyttene på Jølstraholmen, og det er no erstatta med flotte nye hytter.

I 2013 tok Kristine og Tore over drifta av Jølstraholmen, og dei held ut enda. Kristine og Tore tok straks i gang med å utvikla den gamle løa til selskapslokale, og den er no utstyrt med eit lite kjøkken, innlagt vatn og god oppvarming. Toalettfasilitetar har kome på plass og i 2014 vart det satt opp tilhøyrande grindbygg.  Løa kan i dag huse 70 personar tilbords til bedriftsamlingar, bryllup, bursdagar, konfirmasjonar osv.

I åra fra 2014 til i dag er det blitt gjort store og små renoveringsprosjekt. Alle hytter har fått nye flislagte bad. Dei fleste eldre hyttene har fått varme i gulv, nye kjøkken og framstår i dag som komfortable og moderne.

I 2016 vart det bygd 3 større heilårshytter med alle fasilitetar. Dette er topp moderne hytter med to soverom og hems. Det er varme i gulv, moderne kjøkken, flatskjermar, bod for smøring av ski osv.

I 2018 vart ytterlegare 4 slike hytter satt opp, derav 1 HC tilpassa hytte, som den første her på Jølstraholmen. I 2018 vart det også lage eit naturbasseng på plassen.