Fiske

Finare fisk fins ikkje

120NOK for dagskort (barn under 16 år fiskar gratis)

Brått opnar vasskorpa seg. I eit kort sekund ser du auren danse i sollyset. Fisken glitrar i gull og sølv før den forsvinn i djupet. Fekk han deg på kroken?

Alt kjem med vatnet. Sand til gyteplassane, næring til planktonet, svalande kjelder i sommarvarmen.

Følgjer du vatnet, finn du skatten som gøymer seg under den blå spegelen. Jølstra-auren lokkar deg oppover langs elva, framover vatnet, oppover dalane, bortover fjella. Får du han på kroken, tenkjer du som oss: Finare fisk finst ikkje. Jølstravatnet og Jølstra Elva blir ofte nemnd som ein av dei beste fiskeplassane i heile Europa.

Kart over fiske i Jølster utarbeidet av Jølster Aurefest.