Det finst mange fine langrennsløyper i Jølster. Alt frå lette løyper for dei minste til lange turar inn i fjellheimen for dei spreke. Nokre av løypene er trakka og har belysning, andre løyper går innover i dalane og høgt til fjells i spora til dei som har gått der før deg. For full oversikt over oppkøyrde løyper sjå under.
Får du ikkje nok av preparerte løyper er det ca 40 minutter kjøretur til Langeland og 55 minutter til Hodlekve med enda fleire opptrakka skiløyper.
Vannsklia er ein del av arvestoffet på campingplassen. I over førti år har frydefulle hyl frå vannsklia blanda seg med fuglekvitteret frå elvebreidda og spelt ein herleg symfoni for gjestene våre. Fart og moro går visst aldri av moten. Kvar sommar spring leikne foreldre, små og større ungar hulter i bulter opp trappene for ein ny tur, og ein til i den populære sklia.
Trikset for å få størst fart kan vi straks røpe: Med badebuksa inn i rumpa og skulderblada pressa ned mot sklia kjem du opp i ein imponerande høg hastighet i denne artige sklia. Ho er open heile sommaren og det er fri tilgang for alle som bur på Jølstraholmen.