På to hjul i Astrup sitt rike
Å reise til Jølster er som å reise inn i Nikolai Astrup sitt rike. Frå sykkelsetet kjem du nærare det sanselege landskapet kring Jølstravatnet. Vi har ein stor sykkelpark med el-syklar, hybridsyklar og barnesyklar til utleige.
Heimen til Nikolai og Engel Astrup er verdskjend som motiv i kunstnaren sine maleri. På sykkeltur til Astrup-tunet kan du sjå både Isdronninga, Seljekallen og revebjøllene.
Bak prestegarden på Ålhus kan du sjå Kleberfossen stupe i Jølet. Kunstnarkallet var ukueleg i den unge prestesonen som vaks opp til å bli ein av våre fremste målarar:
”Jeg brender efter at få komme ut og lære noget om malning.”
Slik skriv den då 17 år gamle Nikolai Astrup i eit brev til venen Arne Giverholt i 1897. Vatnet rann livgjevande gjennom landskapet, og skapte saman med lyset og årstidene ei utømmeleg inspirasjons-kjelde for kunstnaren gjennom heile livet.
Høyrer du? Lyden av vatnet som renn? Lyden gav bygda vår namn:
Jølster. Lyden av vatn som renn.






