Vannsklia

Fart og moro i det våte element

Vannsklia er ein del av arvestoffet på campingplassen. I over førti år har frydefulle hyl frå vannsklia blanda seg med fuglekvitteret frå elvebreidda og spelt ein herleg symfoni for gjestene våre. Fart og moro går visst aldri av moten. Kvar sommar spring leikne foreldre, små og større ungar hulter i bulter opp trappene for ein ny tur, og ein til i den populære sklia.

Trikset for å få størst fart kan vi straks røpe: Med badebuksa inn i rumpa og skulderblada pressa ned mot sklia kjem du opp i ein imponerande høg hastighet i denne artige sklia. Ho er open heile sommaren og det er fri tilgang for alle som bur på Jølstraholmen.