Skreddarsydd Bedriftsoppleving – for ei samling utanom det vanlege!

Kva kan vi gjere for di bedrift?

Velkomen til Jølstraholmen – her får de ikkje berre ei seng å sova i, men ei oppleving som gir både jobbkvardagen og humøret eit solid løft! Me har avtaleprisar for dykk som kjem som bedrift, enten det er for ein heidundrande julebord, teambuilding som faktisk gir meining, eller berre ein hyggeleg kvardagspause.
På Jølstraholmen får de meir enn berre møterom – de får sauna ved elvekanten, ein dose frisk fjelluft og ei avslappa atmosfære som innbyr til både gode samtalar og latterkuler. I tillegg har vi golfbane og skibakke rett rundt svingen, så her kan de testa svingane anten det er på greenen eller i bakken! Så pakk sekken, ta med kollegaene, og legg ut på eit bedriftseventyr som verkeleg vil setta spor – Jølstraholmen ventar på dykk!

Faste avtalar og gåver

Me kan by på gode avtalar til samarbeidspartnarar og trufaste kundar! Vil du gje dei tilsette litt ekstra krydder i kvardagen, eller kanskje ein hyggeleg gåve i samband med jubileum eller høgtid?

Les meir