


60 år med utvikling
Kor lenge har elva vore her? Dag og natt renn vatnet frå breen og fjella. Dag og natt høyrer vi lyden av vatnet som renn. Tusen tonar finst i elvebruset. Lyden gav namn til vår plass på jorda: Jølster – lyden av vatn som renn.
Vatnet i elva kjem frå isen på viddene, snøen i dalane, regnet over bøane. Graset strekkjer seg mot sola, grøne blad faldar seg ut i trekroner forma av lyset over himmelen. Men røtene strekkjer seg mot vatnet. Rotfeste finst langs elva.
Kor lenge har vi vore her? Historia om Jølstra, holmen i elva og familien Hjelmbrekke strekkjer seg mange generasjonar tilbake i tid.

Oldefar Eirik kjende elva som ingen annan. Sterk og blank stod auren motstraums i stryka. Smal og sprek i ly langs steinane. Oldefar Eirik fylgde fisken langs elvebreidda. I like sterke, spreke steg viste han veg til dei beste fiskeplassane. Ofte slo Guttorm Kalhovd fylgje med Eirik Hjelmbrekke til elva i mellomkrigsåra. For den folkekjære presten i bygda var skaparverket på sitt vakraste slike dagar med godt fiske.
Oldefar Eirik og oldemor Nikolina fekk ni born. Bestefar Leiv var fjerdemann i flokken. Alt i folkeskulen fann han ei blid jente frå Grimsbøen han ikkje greidde å ta auga i frå. Engel, heitte ho. Bestefar Leiv drog på jordbruks-skule og bestemor Engel drog på husmorskule. Ho lærte seg å koke. Han lærte seg å snekre. Det var som om fjølene mjukna i hendene hans og forma seg slik han ville. Engel mjukna ho òg. Men jenta frå Grimsbøen ville meir enn å koke.
Bestemor Engel kvilte ryggen mot bjørkestammen. Lyngen var mjuk og sanden var varm mot føtene der ute på elveholmen. Ho såg sola glitre i vatnet, høyrde vinden leike i lauvet. Engel kjende holmen som ingen annan. Sidan ho kom nygift til garden «Ondeveia» var holmen blitt hennar plass på jorda.
Bestefar Leiv kan ha vore til fjells for å sjå etter sauene ein slik sommardag tidleg på seksti-talet. Fem born var høgt og lågt heime i tunet. Hønene flaksa mellom hus og fjøs. Fire søstre og ein veslebror såg skaparkrafta glitre i auga til mor si då ho kom heim. Norbjørg, Jartrud, Randi, Eili og Egil vaks opp med Engel si glede over å vise fram vår plass på jorda og skape gode minne for dei som kom til Jølster.

Telt, tørrklosett og trebru vart snart avløyst av hytter, sanitæranlegg og bilbru på Jølstraholmen camping. Kvar morgon hekta Engel pengeveska over sykkelstyret og drog ut til gjestene for å ta betalt for overnattingane. Kvar kveld kom ho heim att, for ofte vart ho borte heile dagen. Tida gjekk med til å prate med turistane. Sjølv sa ho det så enkelt: – Eg lika livet som vertinne.
Eit kvitt arr strekkjer seg over kneet til den gamle bygningsmannen. Hoggjarnet gjekk gjennom huda og inn til beinet då Kaare Åsen bygde den første hytta på Jølstraholmen. Øksa gløymde han att inne i veggen. Mange år seinare fekk han den tilbake, då den vesle hytta måtte vike plass for ei større. Øksa låg der han hadde lagt henne, med initialene K.Å i skaftet.
Kaare Åsen sine initialar er rissa inn i Jølstraholmen si historie, slik det kvite arret over kneet har rissa Jølstraholmen si historie inn i han. Frå å stå aleine med øks og hoggjarn utvikla han Åsen hyttebygg og seinare Jølster bygg til ei hjørnesteinsbedrift i nedre Jølster. Jølstraholmen camping var eit utstillingsvindauge og ein viktig kunde for gründeren i nabolaget.
Ein lastebil kjem køyrande i mørkret over fjellet. Lasteplanet stikk seks meter inn i natta, men lasta er lenger. Tømmerstokkane Egil har henta på Moelven er seksten meter lange. I førarhuset sit kona Eli ved sidan av Egil. I armane held ho vesle Eirik i eit teppe. Dei er saman på turen, dei er alltid saman. Og dei er unge. Berre 20 år gamle har dei tatt over drifta av Jølstraholmen camping seint på sytti-talet. Tømmerstokkane på lasteplanet skal bere taket over den nye bensinstasjonen.
Seksten meter. Ei umuleg lengde for ein lastebil. Ei umuleg høgde for ein kranbil. Så legg dei lasta i planet likevel og satsar på at det går. Dei byggjer ein rampe til kranbilen, røyser stokkane og får tak over bensinstasjonen.
Der det er vilje finst det veg.

Vi ville skape ein arbeidsplass for oss begge, forklarer Egil. Bensinstasjon, servicesenter, butikk, kafè, hytter, leikeplass. Ein arbeidsplass for to, vert snart ein arbeidsplass for ti, ein arbeidsplass for mange.
Ein ferieplass for tusenvis.
Ei av dei er vesle Vibeke. Ho sit i den mjuke, kvite sanden ute på holmen. Endå har ho ikkje lært seg å gå. Ikkje kryp ho heller. Ho har ein spesiell teknikk der ho akar seg på rumpa framover i sanden. Pappa Reier ser på veslejenta si og kjenner ferielykka krype inn i kroppen. Plutseleg set ho dei små nevane i lyngen, dreg seg opp, tek sine første steg og stabbar over holmen mot pappaen sin.
Førti år seinare kjenner Reier seg lukkeleg på same måten kvar gong han passerer det høgste punktet på fjellovergangen mellom aust og vest og den årlege ferieveka på Jølstraholmen camping nærmar seg. – Eg har ikkje noko anna ord for det enn lykke. Det er rein og skjær lykke å komme til Jølstraholmen, eg kjem neste år også.

Reier Dahl har vore lykkeleg gjest på Jølstraholmen i fleire mannsaldrar. Lykkeleg i telt med tørrklosett, lykkeleg i hytte med respatex-bord og køysenger, lykkeleg i dei då så moderne Ål-hyttene frå åtti-talet, lykkeleg i dei nye deluxe-hyttene.
Det er menneska som er løyndomen, forklarar han. Maken til gjestfriheit finst ikkje. Du føler deg ikkje berre velkommen, du føler at dei gler seg til at du kjem og at dei har venta på deg. Dei varme smila som møter meg når eg kjem fram, er mykje meir verdt enn høg standard på hytta.
Kvar kjem smila i frå? Kanskje kjem dei frå kjærleiken til plassen, samhaldet i familien og den sterke skaparkrafta som er nedarva gjennom generasjonane. Men ein gong orka ikkje Eli og Egil meir. Den uendelege rekkja av arbeidstimar var blitt for lang, og dei bestemte seg for å selje Jølstraholmen camping. Sonen Eirik hadde alt tatt over drifta av SPAR-butikken. Ville dottera Kristine gå inn i rekka som tredje generasjon Hjelmbrekke på campingen?

Først sa Kristine nei. Så møtte ho Tore. Då sa ho ja.
Kristine og Tore kom heim. Eli og Egil drog. Tore kunne ikkje brøyte, men han brøyta. Han kunne ikkje grave, men han grov. Snart ti år seinare kan han alt. – Eg har vore veldig heldig, smiler Kristine. At Tore kjenner seg like heldig saman med Kristine, tek berre eit tusendels sekund å forstå.
Eit foto flyg over verdsveven. Verda oppdagar Jølstra gjennom eit trekanta vindauge på instagram.
Eit nytt perspektiv, betre komfort, men elva er den same utanfor vindauga i elvesuitene som går viralt. Den same som då bestemor Engel fann sin plass på jorda ute på holmen, den same som då oldefar Eirik og presten Kalhovd lokka auren fram mellom steinane.
Vi låner henne den vesle tida vi har slik at nye generasjonar kan finne rotfeste nok til å strekkje seg mot sine mulegheiter, i si tid.
Kor lenge har myra vore her? Myra ligg langs andre sida av elva med lyng og bær, store furutre og gode steinar. Steinar til å klatre på og kvile ved. Kristine kjenner myra som ingen annan. To born fylgjer Kristine sine mjuke steg over den løyndomsfulle myrsletta. Nikolai og Ronja veit at mora smiler slik ho smiler når ho drøymer. Slik Engel drøymde til tusen tonar frå elva den gongen for seksti år sidan.















