Under finner du ei liste over dei mest vanlege sprøsmåla vi får. Raskt for deg og raskt for oss 🙂
Ja, i alle hytter bortsett frå Suitene våre. Dei må dog ikkje gå opp i møblar og senger. Vi tilrår å gje dei ein liten pep-talk før turen.
Nei, dessverre vi tillèt ikkje soveposar for å halde skadedyr unna. Vi har trass alt eit rykte å oppretthalde som skadedyrfrie!
Ja, mot tillegg kan dette bestillast i alle våre hytter. Enten klart til å leggje på, eller ferdig oppreidde senger. I suitene er det inkludert oppreidde senger. Altså, mindre jobb for deg!
Best pris har vi alltid i vår eigen bookingkanal på nett. Den finn du her. Kvifor betale meir når du kan betale mindre?
Alle overnattingsenheiter har eigen parkering like utanfor eininga. Ingen grunn til å trille kofferten milevis.
For alle gjester er leikeplass, vannsklie, bruk av SUP og kajakk i badedammen inkludert. Alt du treng for å halde barna (og deg sjølv) opptatt.
Leige av sykler, kajakk/SUP/kano i Jølstravatnet, ved (bortsett frå suitene der det er inkludert), frukost og badstue er ekstra. Fordi nokre ting i livet kostar faktisk pengar.
Resepsjonen finn du for tida på YX Jølstraholmen. Ny resepsjon og velkomstsenter er klart i 2025. Ja, vi er litt nomadiske for øyeblikket.
Då ringer du oss så raskt som mogleg, så skal vi finne ei løysing. Vi likar å tru at vi er ganske gode problemløysarar.
Avbestilling kan gjerast online gratis inntil 14 dagar før. Om du ikkje klarer det, send oss ein mail på booking@jolstraholmen.no, så fikser vi det for deg. Har det gått over 14 dagar, bruker dei fleste å ha reiseforsikring som dekkjer eventuelle årsaker til at ein ikkje kan kome.
Send oss ein mail på booking@jolstraholmen.no, og vi vil høyre med reinhaldsperonell om det har blitt funne. Vi kan sende ting per post, men då må mottakar dekke frakt og administrasjonsgebyr på 89 NOK. Ikkje ver bekymra, vi tar godt vare på dine etterlatenskaper.
Innsjekk er mellom 15-22.00, og utsekk før kl.11.00. Viss det er praktisk mogleg, kan ein be om tidlig innsjekk eller sein utsjekk mot eit tillegg. Fordi ingen likar å stresse med klokkeslett.
Det er mogleg, men førespurnad må sendast på mail i god tid i forvegen, og det må betalast for administrasjon og eventuell henting av varer. Enkeltpakker kan innehalde spesielle tenester, og då er det inkludert. Vi er klare for fest!
ikkje til bruk inne i hyttene. Parfyme på badet og resten ute. Vis hensyn til at det kjem andre etter deg som kanskje ikkje har same smak og preferanser når det gjelder lukter
Sett det på plass igjen før avreise. Dei på reinhald har greit med arbeid frå før om dei ikkje skal måtte begynne detektivarbeid for å finne igjen det som høyrer til hyttene.
Ja, det kan du, men sørg for at kjæledyret er i band og plukk opp eventuelle “gaver” den legger etter seg.
Prisane våre er inkludert straum for bubil og campingvogn. Treng du eigen straum til telt, kjem det som eit tillegg.
Nei, dette er inkludert hos oss. Vi likar å halde ting enkelt.
For bubil og campingvogn er det CEE-kontakt. Om du treng CEE til chuko (vanleg stikk), sel vi dette i resepsjonen. Straum til folket!
Send oss ein mail med dine ynskjer, og vi kjem tilbake med eventuell kapasitet og tilgjengelege plassar. Vi er her for deg året rundt!
Wifi er inkludert, og er stort sett tilgjengeleg på heile plassen.
Resepsjonen finn du for tida på YX Jølstraholmen. Ny resepsjon og velkomstsenter er klart i 2025. Ja, vi er litt nomadiske for øyeblikket.
Ja, det kan du via våre bookingsider.
Vannsklia er ein del av arvestoffet på campingplassen. I over førti år har frydefulle hyl frå vannsklia blanda seg med fuglekvitteret frå elvebreidda og spelt ein herleg symfoni for gjestene våre. Fart og moro går visst aldri av moten. Kvar sommar spring leikne foreldre, små og større ungar hulter i bulter opp trappene for ein ny tur, og ein til i den populære sklia.
Trikset for å få størst fart kan vi straks røpe: Med badebuksa inn i rumpa og skulderblada pressa ned mot sklia kjem du opp i ein imponerande høg hastighet i denne artige sklia. Ho er open heile sommaren og det er fri tilgang for alle som bur på Jølstraholmen.
Vi brukar informasjonskapslar for å gjere opplevinga di best mogleg. Nokre er naudsynte for at nettsida skal fungere, medan andre hjelper oss med analyse og marknadsføring. Du vel sjølv kva du vil samtykke til. Du kan når som helst endre innstillingane dine.