Hels gjennom vatn
Elvasuiten 2
I denne eineståande hytta ventar eit opphald du aldri vil gløyme og ei utsikt du alltid vil hugse. Frå hengekøya framfor det store vindauget kan du kjenne tankane flyte som vatnet i stryka. Klart ser du dei viktige tinga i livet når blikket får kvile i den blanke elva. Kryp nærare din kjære i den digre, deilige senga. Hald rundt det fine de har. Nyt naturen, nyt kjærleiken.
Varme i golvet, champagne i kjøleskapet. To vinglass, to koppar. Presskanne for to, stolar til to. Grillrist og grillpinnar, bålpanne og utemøblar. Denne elvesuiten har eit eksklusivt bad i eige bygg der eit badekar med utsikt over elva gir ei unik oppleving av velvere i kontakt med naturen. Salus per aqua, sa dei gamle romerane om sine bad. Difor kallar vi ofte velvere i vatn for Spa. I elvesuiten gir det fleire tusen år gamle omgrepet meining, på nytt:
Salus per aqua: Helse gjennom vatn.











