Familiesuite i historisk løe
Familie Grindasuite
Familie GrindaSuiten er ei leiken og luksuriøs reise i arkitektur og natur, der moderne komfort møter grove bjelkar, lune tekstilar og himmelsk utsikt. Den gamle løa er forvandla til ei stilfull familiesuite – med stor stove, høgt under taket og eit interiør som fortel ei historie i kvar detalj.
I andre etasje kan både store og små krype opp under det mektige takvindauget, der nettingen gjer det trygt å ligge og drøyme medan kveldsljoset fell over fjelltoppane utanfor. Badet er romsleg, universelt utforma og innreia med varme tonar og naturlege material – ei sanseoppleving i seg sjølv.
Her bur de ikkje berre – de opplever. Ei overnatting som vekkjer nysgjerrigheit, ro og eventyrlyst – alt på ein gong.
Prisen er inklusiv frukost
Rommet er universell utformet og HC vennlig.

















