I KONTAKT MED NATUREN
der natur, aktivitetar og overnatting møtest
Vår stad er din stad. Di tid er no.
Jølstraholmen Landskapshotell
Velkommen til ei unik oppleving i hjartet av Sunnfjord. Her bur du i dei ikoniske Elvasuitene ved den ville Jølstra, i dei nye og eksklusive Grindasuitene i ei restaurert løe frå 1800-talet, eller i vår romslege Lodge og stilfulle deluxe-hytter – alle med naturen tett på.
Hotellet byr på høg komfort, restaurant med lokale smakar, elvebadstue, aktivitetar for små og store, og ei atmosfære som gir ro og inspirasjon – året rundt.
Kampanjer pakker og tilbod
-

5000NOK pr person pr natt
Eventyret du ikkje kan Google
Gi oss to dagar av ditt liv – og vi gir deg eit opphald du aldri gløymer. Her er luksusreisen du ikkje finn på Google, Instagram eller TikTok. Alt du får vite er at du skal bo i ei av våre suiter på Jølstraholmen Landskapshotell, og at mat, drikke, opplevingar og stemning blir skreddarsydd berre for dykk.GyldighetFra:07/08/2025Til:30/11/2025 -

20% på middag og frukost
Halvpensjonspakke
La oss ta oss av maten slik at du kan nyte ferien. Bestill halvpensjon med rommet, og få 20% rabatt på middag, dessert og frukost.GyldighetFra:16/07/2025Til:31/12/2025 -

20% på middag og dessert
Få 20% rabatt på middag ved forhåndsbestilling med rom
Få med midedag med dessert og kaffe i rombestillinga. Du får også 20% rabatt på selve maten. Ein smakfull kveld i Restaurant 1962 – rett ved elva og rett på tallerken.GyldighetFra:16/07/2025Til:16/09/2025
Våre neste events
Soft nights
Kva dør vil du opne? Kanskje den som fører til draumeland, eller den som leier deg rett inn i eventyret? Vi har overnatting for alle – frå romantiske turtelduer på jakt etter noko heilt spesielt, til energiske familiar og vennegjengar klare for action! Alle våre koselege krypinn er skapte for at du skal kunne slappe av og lade batteria til neste dags sprell.
Unn deg ein time i Elvasaunaen
Etter ein lang dag med sprell og aktivitetar, finst det få ting som ladar opp batteria betre enn ei god økt i saunaen vår og eit forfriskande, kaldt plask i naturbassenget! Kom og kjenn korleis kvardagsstresset smeltar bort medan du sveittar ut og kjøler deg ned – det er balsam for sjela
Hard days
Vinter, vår, sommar og haust – på Jølstraholmen skjer det alltid noko gøy! Her kan du slenge ut fiskesnøret i den glitrande elva og sjå om storfisken bit på. Ta ein svingom på golfbana eller svisj ned skibakken om vinteren. Naturen byr på ei rekkje spennande aktivitetar – frå padling på Jølstravatnet til fjellturar der fjella strekkjer seg mot breen og inviterer dei mest eventyrlystne til topps.
På sjølve området er Jølstraholmen eit eldorado for dei minste! Vassklie, trampoline, badedam, interaktive leikeapparat og zipline – her kan ein leike og herje til sola går ned. Og ikkje gløym elvasaunaen! I kombinasjon med vårt naturbasseng er det ei spaoppleving du ikkje vil gå glipp av. Så kom og opplev moroa – uansett årstid, på Jølstraholmen ventar eventyret på deg!
Jølstraholmen – heile året
Ikkje gløym å unne deg ein tur i saunaen når haustlufta kitlar kinna! Det kalde vatnet i naturbassenget vårt, kombinert med den varme saunaen, er balsam for kropp og sjel. Hausten er òg ei super tid for fiske. Elva held open til 30. september, og ofte er det på slutten av sesongen at fisken bit aller best.
Så ikkje la hausten gjere deg dyster – kom til oss og fyll på med energi gjennom spanande aktivitetar og komfortabel overnatting! Vi står klare med opne armar og gleder oss til å dele hausteventyret med deg.
På sjølve campen kan ungane herje i snøen på leikeplassen, og fotballmålet fungerer heilt fint som blink for ivrige snøballkastarar. Ikkje langt unna finn du akebakkar og langrennsløyper som slyngjer seg langt innover dalane og oppover fjella.
Etter ein dag med snø og vinterglede kan vi ha saunaen varm og klar for å tine opp ein litt kald kropp, og naturbassenget vårt hjelper til med å klarne toppen. Alle hyttene våre er vinterisolerte, og mange av dei har eigen peis. Det finst få ting som slår ein mjuk sofa framfor peisen med ein kopp kakao, før dei gode sengene våre sørgjer for at du er opplada til neste dags eventyr!
Våren er òg tida for sykkel, kajakk og kano. Og ikkje gløym fisket! Elva Jølstra opnar 15. april, og då er det gode sjansar for å få storfisken på kroken. Dagane blir lengre, og det gjer det mogleg å drive med aktivitetar frå morgon til kveld.
På sjølve campen opnar vi opp dei fleste sommaraktivitetane igjen. I badedammen kan dei minste teste SUP-brett og kajakk. Trampolina sprett opp, og om helgene byr på fint vêr, kan det hende vi tjuvstartar vassklia! Så kom og opplev våren sin magi på Jølstraholmen – eventyret ventar på deg!
Motta eksklusive tilbod og nyhende før alle andre
Ved å klikke på SEND, samtykkjer du i at vi kan sende nyheitsbrev på e-post til deg. Du kan når som helst velje å stoppe utsendingane våre
Finn oss
Bu godt, lev stort i naturen – velkommen til Jølstraholmen.






























































