Bading

Ein variert bademeny

Badekulp eller badestrand? Symjetur i Jølstravatnet eller dukkert i elva? Roleg strandliv eller fartsrekord i vann-sklia?Badeglede er ferieglede på Jølstraholmen. Vi byr på ein variert bademeny!

På Jølstraholmen finn du ein fin badekulp med eiga sandstrand, perfekt for små gjester og strandleik med bøtte og spade.

Større born er velkomne til å låne SUP-brett og små kajakkar ved kulpen. Borte på leikeplassen ventar den vidgjetne vannsklia vår på dei mest fartsglade. Berre fem kilometer nordover langs Jølstravatnet ligg den vakre naturmøteplassen på Svidalsneset. Her er det fleire badestrender og badekulpar, tilrettelagde fiskeplassar, sandvolleyballbane og gapahuk med bålpanne. To kilometer unna finner en også stupebrettet på Vassenden.