Sauna

Utanfor vindauget renn elva frisk og kjølig. Inne i saunaen kryp varmen heilt inn til margen.

150 NOK pr person / 500 NOK pr gruppe/privat

I saunaen sitt heimland kallar dei dampen for «löyli». Finnane kan diskutere god löyli slik franskmennene diskuterer fin vin. I den nye badstova på elvekanten kan du kjenne den gode dampen reinse både kropp og sinn.

Utanfor vindauget renn elva frisk og kjølig. Inne i saunaen kryp varmen heilt inn til margen. Musklar og sener mjuknar i den gode dampen. Lågare blodtrykk og betre nattesøvn er mellom dei dokumentere gevinstane eit besøk i badstova har på helsa di.
Etter ein våt og frisk fjelltur, ein lang dag i skibakken eller timesvis i elva med fiskestonga er ingenting betre enn å la seg omfamne av varmen og dampen i saunaen. Utanfor ligg badekulpen når du må kjøle deg ned. Her finst berre du og dei du vil vere saman med. Varmen og kulden gjer underverk både for kroppen og for sjela.

Regler og informasjon

Åpningstider

Saunaen er åpen kvar dag heile året, mellom kl.08.00-22.00 og kan bookast av lokalbefolkningen, gjester på plassen her eller gjester som bur på andre plassar i området.

Booking

Ein må booke sauna minimum 2 timar før ein ønsker å bruke den. Booking gjerast online.

Kapasitet

Maks kapasitet er 6 personar. Dette gjelder for både drop-in og grupper.

Oppmøte

Ein har saunaen i 1 time, møt opp litt før, ferdig påkledd med badekle, så er du klar når di tid startar. Hugs å gå ut av saunaen i rett tid, skal du skifte etter timen må du gå ut 5 min før slik at at du er ferdig når tida di er ute, og neste mann får gå inn når deira tid startar.

Aldersgrense

Barn under 16år kan ikkje ta sauna aleine, må være i følge med ein vaksen.

Drop-in eller gruppe

Drop-in betyr at du kan komme saman med andre du ikkje kjenner. Vil du absolutt vere åleine i saunaen, må du bestille som ei gruppe.

Ansvar og Erstatning ved misslighold

All bading og bruk av sauna skjer på eige ansvar. Du er erstatningsansvarleg for eventuelle skadar du påfører saunaen ved bruk.

Ta med

Bruk alltid handkle på benk. Ha gjerne med 2 handklede. Ta med vatn for å unngå dehydrering.

Ikke ta med

Kvist og blad, eigne bøtter med vatn, er ikkje tillatt å bruke inne i saunaen. Ønsker ein å kjøle seg ned må ein gå ut og ta seg ein dukkert.

Alkohol

Det kan nytast alkohol, men kun ved gruppebestilling. Ikkje på drop-in! Berusa folk blir vist vekk.

Fasiliteter og nedkjøling

Like utanfor saunaen er det eit naturbasseng som ein kan benytte til å ta seg ein dukkert og kjøle seg ned. Det er eit lite skifterom i saunaen, men ingen do eller dusj. Ønsker ein tilgang til dusj, do og større skifterom må ein benytte seg av sanitæranlegget. +50kroner pr person.

Kontroll av at regler blir fulgt

Saunaen er ikkje betjent av eige personal heile tida, men er overvåka utanfrå, og blir til tider kontrollert mellom besøk. Blir det oppdaga misleghald på reglar eller manglande betaling for ekstra personar, blir det krevd inn ekstra gebyr på kr 500,- og ved gjentakande misleghald, føre til utestengelse.

Avbestilling

Avbestilling: Drop-in – avbestilling 8 timar før ankomstdag, får du refundert 50 % av beløpet. Etter 8 timar, ingen refusjon. Gruppe-bestilling: avbestilling 12 timar før ankomstdag, får du refundert 50% av beløpet. Etter 12 timar, ingen refusjon.

Fasiliteter og nedkjøling

Like utanfor saunaen er det eit naturbasseng som ein kan benytte til å ta seg ein dukkert og kjøle seg ned. Det er eit lite skifterom i saunaen, men ingen do eller dusj. Ønsker ein tilgang til dusj, do og større skifterom må ein benytte seg av sanitæranlegget. +50kroner pr person.

Finne fram

Saunaen ligg inne på plassen, rett bak sanitæranlegget ved naturbassenger, på elvakanten.