Jølster Skisenter

Sving deg gjennom snødekte eventyr

I Noreg har ski-idretten røter heilt tilbake til norrøn tid og er rekna for å vere vår nasjonalsport. Vi er fødde med ski på beina og trivst som fisken i vatnet, – i snøen. Jølster er eit eldorado for ski-glede med Jølster skisenter som eit mekka midt i Sunnfjord.

Berre eit steinkast bortanfor Jølstraholmen finn du Jølster skisenter. Eit eineståande anlegg midt i Sogn og Fjordane og midt i Sunnfjord. Omkransa av høge fjell og med heile fire kilometer fint preparerte løyper. Anlegget har kunstsnø i storparten av traseane for tidleg oppstart av sesongen. Tek du skiheisen heilt opp, kan du lett ta deg vidare  til toppen av Kvamsfjellet. Herifrå ser du alle toppane i nærleiken. Les meir om toppturar i Jølster her (lenke)

I lenka nedanfor kan du sjå ein film frå då skipatruljen besøkte Jølster skisenter i 2018. Her kan du også få informasjon om ein innhaldsrik pakke med teknikkurs for deg som vil få endå meir ut av skikøyringa di, både i og utanfor løypene.