Under stjernene glitrar Jølstra som om ho var av gull. I den svale kveldsbrisen er det godt å kjenne kvilepulsen slå i takt med elvebruset. I bakgrunnen finst lyse tonar av latter og leik. Seine sommarkveldar på vår legendariske leikeplass skaper gode barndomsminne som aldri vert gløymde.
Prinsesse eller sjørøvar? Leikeplassen er eit eldorado for fantasi, moro og ekte ferieglede. Klatrestativ, sklie, zip-line, nedfelte trampoliner, danseboge, interaktive fotballmål og endå mykje meir.
Vannsklia er ein del av arvestoffet på campingplassen. I over førti år har frydefulle hyl frå vannsklia blanda seg med fuglekvitteret frå elvebreidda og spelt ein herleg symfoni for gjestene våre. Fart og moro går visst aldri av moten. Kvar sommar spring leikne foreldre, små og større ungar hulter i bulter opp trappene for ein ny tur, og ein til i den populære sklia.
Trikset for å få størst fart kan vi straks røpe: Med badebuksa inn i rumpa og skulderblada pressa ned mot sklia kjem du opp i ein imponerande høg hastighet i denne artige sklia. Ho er open heile sommaren og det er fri tilgang for alle som bur på Jølstraholmen.