Komfortabel med to overbygde terrasser
Komfort Holmen
Flotte hytter der camping-draumen ein gong starta, ute på «holmen» på Jølstraholmen. I hyttene er det flisar på alle golv med varmekablar. Det er uteplass med takoverbygg både framfor og bak hytta, og dermed får du ekstra mange soltimar her. Hyttene har eitt soverom med dobbeltseng og ein dobbel sovesofa på stova. Fullt utstyrt kjøkken, fliselagt bad og flatskjerm.










