badstue_jolstraholmen_3
badstue_jolstraholmen_4
badstue_jolstraholmen_1
badstue_jolstraholmen_8
badstue_jolstraholmen_6
badstue_jolstraholmen_2
badstue_jolstraholmen_7
previous arrow
next arrow

Sauna på elvakanten

Kva med ein deilig varm sauna etter ein litt våt og kald fisketur, ein lang fjelltur/topptur, eller berre nyte uansett kva. Saunaen vår ligger fint til på elvakanten med utsikt over elva Jølstra og rett ved vårt lille naturbasseng, med mulighet for å ta seg ein dukkert.
  • Saunaen er åpen kvar dag heile året, mellom kl.08.00-22.00 og kan bookast av lokalbefolkningen, gjester på plassen her eller gjester som bur på andre plassar i området.
  • Like utanfor saunaen er det eit naturbasseng som ein kan benytte til å ta seg ein dukkert og kjøle seg ned.
  • Drop-in betyr at du kan komme saman med andre du ikkje kjenner. Vil du absolutt vere åleine i saunaen, må du bestille som ei gruppe.
  • Ein må booke sauna minimum 2 timar før ein ønsker å bruke den.
  • Du kan booke heile saunaen privat, maks kapasitet er 6 personar.
  • Saunaen ligg inne på plassen, rett bak sanitæranlegget ved naturbassenger, på elvakanten.
  • Det er eit lite skifterom i saunaen, men ingen do eller dusj. Ønsker ein tilgang til dusj, do og større skifterom må ein benytte seg av sanitæranlegget. +50kroner pr person.
  • Ein har saunaen i 1 time, møt opp litt før, ferdig påkledd med badekle, så er du klar når di tid startar. Hugs å gå ut av saunaen i rett tid, skal du skifte etter timen må du gå ut 5 min før slik at at du er ferdig når tida di er ute, og neste mann får gå inn når deira tid startar.
  • Barn under 16år kan ikkje ta sauna aleine, må være i følge med ein vaksen.
  • Kvist og blad, eigne bøtter med vatn, er ikkje tillatt å bruke inne i saunaen. Ønsker ein å kjøle seg ned må ein gå ut og ta seg ein dukkert.
  • Saunaen er ikkje betjent av eige personal heile tida, men er overvåka utanfrå, og blir til tider kontrollert mellom besøk. Blir det oppdaga misleghald på reglar eller manglande betaling for ekstra personar, blir det krevd inn ekstra gebyr på kr 500,- og ved gjentakande misleghald, føre til utestengelse.
  • All bading og bruk av sauna skjer på eige ansvar.
  • Bruk alltid handkle på benk. Ha gjerne med 2 handklede.
  • Ta med vatn for å unngå dehydrering. Det kan nytast alkohol, men kun ved gruppebestilling. Ikkje på drop-in! Berusa folk blir vist vekk.
  • Avbestilling: Drop-in – avbestilling 8 timar før ankomstdag, får du refundert 50 % av beløpet. Etter 8 timar, ingen refusjon. Gruppe-bestilling: avbestilling 12 timar før ankomstdag, får du refundert 50% av beløpet. Etter 12 timar, ingen refusjon.
  • Du er erstatningsansvarleg for eventuelle skadar du påfører saunaen ved bruk.

 

Andre aktivitetar